Alle artikler | Søk

Kvinnekamp av Kristin Hatledal

Historikaren Kristin Hatledal syner at norsk motstandskamp under krigen også var kvinnene sin kamp. 26 norske kvinner miste livet på grunn av motstandsverksemd, og alt frå husmora med 14 ungar til ungjenta på 15 år kasta seg inn i kampen mot okkupantane.

Forfattaren gir oss det breie biletet av norske kvinner sin innsats, samstundes som ho portretterer sentrale motstandskvinner som Anne Marie Breien, Dagmar Lahlum, Ingeborg Refling Hagen og systrene Helga og Aasta Stene.